Arkeobotaniske undersøkingar – vedartsbestemming og makroanalyse

Arkeologi er ein tverrfagleg disiplin som gjer bruk av kompetanse frå mange ulike fagfelt. Mellom anna treng me kunnskap om botanikk for å analysera og tolka mykje av det organiske materialet som kjem fram under mellomalderutgravingane våre.

Fagfeltet der arkeologi og botanikk møtast, heiter arkeobotanikk. Ein arkeobotanikar kan til dømes jobba med artsbestemming av sporar, pollen, frø eller trevirke. Hjå NIKU utfører me makroanalyse og vedartsbestemming, altso artsbestemming av trevirke og frø.

Kvifor arkeobotanikk?
Kvifor gjer me dette? Me finn stort sett dei same trea og plantane som vaks i mellomalderen òg i dag, og me har allereie god kunnskap om kva plantar som vart importerte. Det er i staden frekvensen og den romlege organiseringa av artane som kan opna ei verd av moglege arkeologiske tolkingar. Merk at det erarkeologisketolkingar me er ute etter, jamvel om tolkingsmaterialet er botanisk.

Me kan til dømes sjå på kolet i ein eldstad. Det fortel oss kva tresortar som har vekse i nærleiken, og det igjen kan kanskje seia noko om kor hard ressursutnyttinga har vore. Eller me kan sjå på åkerugras i eit hus. Under rette omstende kan dette vera restar etter reinsking av korn, eller det kan vera ugras som fylgde med ved innhausting av kornet, og som vart att etter at kornet rotna vekk. Ugraset kan då fortelja oss om næringstilhøve i åkeren, om det var vått eller tørt, og til og med om kornaksa vart kutta langt nede, eller høgt oppe.

Arkeobotanisk materiale er i tillegg godt eigna til 14C-datering. Då er det ein fordel at me på førehand har artsbestemt det materialet me vel å senda inn, so me lettare kan tolka resultatet, eller finna feilkjelder, i etterkant.

Arkeobotaniske undersøkingar – vedartsbestemming og makroanalyse

Gran frå Follobaneprosjektet. 200x forstørring

Vedartsbestemming
Vedanatomien er vakker – det er ein bonus som fylgjer med jobben. Å sjå på kol og ubrent trevirke under 100–200 gonger forstørring er som å dykka ned i ei anna verd. Mange treslag kan overflatisk sjå ganske like ut, so me treng å finna akkurat dei mikrostrukturane me treng for å artsbestemma veden.

I mellomalderen vart både gran og furu brukte til lafting av hus. Røynslene våre frå Follobaneprosjektet er at ved av relativt dårleg kvalitet òg vart brukt i huskonstruksjonar. Me har til dømes funne fleire laftestokkar av hurtigvaksen gran. I gjerdekonstruksjonar frå mellomalderen på feltet Follo Nord, er det kanskje litt overraskande einer og ungtre av or som har dominert.

Makroanalyse
Ordet «makro» kjem av at det er makroskopisk plantemateriale me undersøker – stort sett frø. Det kan til dømes vera korn, nøtteskal, frø frå bær og ugrasfrø. Ei makroprøve startar som ei jordprøve, ofte på rundt 3 liter. Denne vert flotert, som vil seia at me brukar vatn for å skilja prøva i ein lettfraksjon og ein tungfraksjon. Prinsippet er at alt organisk skal flyta opp, og fylgja med i lettfraksjonen. Når prøva har tørka, kan me sjå på det organiske materialet under lupe, og varsamt plukka ut frøa med pinsett. Når me arbeider med prøver frå kulturlag som vart avsette i mellomalderen, er det er ikkje uvanleg at det finst fleire tusen frø i éi makroprøve.

Arkeobotaniske undersøkingar – vedartsbestemming og makroanalyse

Slik ser ei flotert og tørka makroprøve ut. Pinsetten er ein viktig arbeidsreiskap. 8x forstørring.

Når frøa til slutt er artsbestemte, er det mogleg å danna seg eit inntrykk av kva slags aktivitetar som kan ha gått føre seg der prøva er henta frå. Me kan òg få eit innblikk i korleis det har vore med drenering og omroting av jordmassar i eit område.

Arkeobotaniske undersøkingar – vedartsbestemming og makroanalyse

Frø som er sorterte ut frå ei makroprøve.

Frå Follobaneprosjektet er det nokre plassar store mengder frø frå ein liten plante som heiter tiggarsoleie. Planten er giftig for husdyr, og har truleg spreidd seg i og rundt Oslo som ei fylgje av kraftig beiting på andre vekstar. I tillegg flyt frøa til tiggarsoleie svært godt, og dei store opphopingane me finn, kjem truleg av at dei har fylgt med regnvatn som har runne gjennom gatene i byen. Akkurat desse frøa fortel altso ei historie om kraftig beitepress og dårleg drenering.

Arkeobotaniske undersøkingar – vedartsbestemming og makroanalyse

Forkola korn frå makroprøve. Sett frå venstre er dei tre største korna på biletet havre, naken bygg og agnekledd bygg. Millimeterpapir i bakgrunnen.

 

Arkeobotaniske undersøkingar – vedartsbestemming og makroanalyse

3445 frø frå tiggarsoleie plukka ut av det som var 0,5 liter jord. 8x forstørring.

Skrevet av arkeobotaniker Maria Sture