Glimt fra hverdagen_illustrasjon

Arkeologiske funn gjort av skuleelevar vert utstilling

Kom og sjå kva skuleelevane NIKU hadde på besøk i vår fann i jordmassane frå mellomalderen.

Førstkomande laurdag, 20. august klokka 12.00, opnar utstillinga «Glimt fra hverdagen» på Oslo Ladegård. Dette er ei uformell og spennande utstilling som NIKU og Ladegården sjølv har laga, og du får ei anna oppleving enn om du tek turen til dei store musea.

Dei arkeologiske gjenstandane er stilte ut berre eit steinkast frå der dei blei funne, og dei er enno ikkje sende inn til Kulturhistorisk museum for konservering og magasinering. Dette er eit unikt høve til å sjå gjenstandane slik dei er når arkeologane finn dei.

Arkeologiske funn gjort av skuleelevar vert utstilling

I vår hadde NIKU 37 skuleklassar frå Oslo på besøk på utgravingsområdet Follo Sør, rett på sørsida av Bispegata. Elevane fekk mellom anna prøva seg som arkeologar, og i jordmassane frå mellomalderen fann dei mange spennande funn som fortel ei historie om korleis det var å leva i Oslo i mellomalderen.

Utstillinga «Glimt fra hverdagen» er laga for å vise fram desse funna, og vi håpar mange vil koma for å få ei litt annleis museumsoppleving. Utstillinga er barnevennleg, og legg opp til at ein skal kunna ta fleire sansar i bruk.

Utstillinga er open alle helger frå 20. august til 25. september. På sjølve opninga vil fleire frå NIKU vera til stades, og det vil vera mogleg å slå av ein prat med både NIKU-arkeologane og dei tilsette på Ladegården.

Prosjektet har motatt støtte frå Sparebanskstiftelsen DNB

 

Publisert