Byutviklingskomiteen og Byantikvaren besøker Follobaneprosjektet

NIKU fekk torsdag 7. april gjævt besøk av Byutviklingskomiteen og Byantikvaren i felt. Vi har fått vise fram områda direkte sør for Bispegata, der fleire bygningsstrukturar no er synlege. Ein spanande teori er at delar av dette området kan ha vorte forlate som fylgje av svartedauden. Vi har òg kunne vise fram restar av ein bygning som har hatt båsar for husdyr.

Dei besøkande har fått ein smakebit av formidlingsopplegget «Skatter i mørk jord», som NIKU tidlegare i vår gjennomførte for fleire hundre elevar på mellomtrinnet. Her er det funn og graveglede som står i høgsetet! Det lèt til at både Byutviklingskomiteen og Byantikvaren syntest det var gildt å stikke graveskeia i jorda. Dei gjorde òg ein god jobb, for fleire lêrbitar og ein stav frå eit laggekar dukka raskt opp.

Vi fekk høve til å vise fram nokre av dei nyaste funna våre, og det gav meirsmak. Arkeologien speler på lag med oss når alt frå små pilegrimsartefaktar, spenner og nåler til mellomalderskøyter, terningar og spelebrikker kjem opp av jorda. Sletne skosoler, knuste baksteheller og haugar med dyrebein klarte ikkje å stele rampelyset denne gongen.

Byutviklingskomiteen og Byantikvaren besøker Follobaneprosjektet

Prosjektleiar Egil Lindhart Bauer viser fram ein nyleg avdekt bygning som mellom anna har hatt båsplassar for husdyr.

Byutviklingskomiteen og Byantikvaren besøker Follobaneprosjektet
Feltarkeolog Maria Sture viser fram skosoler frå mellomalderen. Funnrikdomen på bordet er stor, og får mykje merksemd frå gjestane våre.

Byutviklingskomiteen og Byantikvaren besøker Follobaneprosjektet
Byutviklingskomiteen ser ut til å vera nøgde med besøket, og forevigar augneblinken med eit gruppebilete.

Byutviklingskomiteen og Byantikvaren besøker Follobaneprosjektet
Glade byråkratar og politikarar får prøve seg som arkeologar, og det var nok funn til alle.