RosekyrkjaStordalMerete.jpgTakborda i våpenhuset er frå den gamle stavkyrkja. Den var òg rosemåla. Då dei bygde ny kyrkje brukte dei materialen men brydde seg ikkje om å legge mønsteret i måleriet rett. Her er Merete Winness i gong med japanpapir

1700-tallsmalerier i Rosekyrkja i Stordal

Fire konservatorer fra NIKU har i august 2013 arbeidet med konsolidering av maleriene fra 1700-tallet, som dekker hele kirken i Stordal innvendig. Arbeidet med koret, prekestolen og himlingen i våpenhuset er ferdigstilt.

Gjengitt med tillatelse fra Aud Farstad/Fortidsminneforeningen i Sunnmøre:

Dei fire konservatorane har vidareført det arbeidet som har vore i gong i eit par år med å såkalla "konsolidere" måleria frå slutten 1700-talet som dekker heile kyrkja innvendig. I år er det koret, preikestolen og himlingen i våpenhuset dei har teke for seg. Neste år vert truleg arbeidet fullført.

Konservatorane fjerner først smuss og støv og sidan påfører dei ny lim på måleria gjennom såkalla japanpapir. Dette papiret er tynt og gjennomsiktig - slik at dei kan sjå kva dei held på med - men samstundes tåler bearbeiding. Misfarging vert trekt ut og bitar som har losna frå målinga festar seg att. Det er viktig at dei fjernar limen skikkeleg etterpå slik at han ikkje blir liggande utanpå målinga.

Les meir om japanpapir på Wikipedia

Det er moro og lærerikt å vere med leiaren, Tone Olstad, omkring i kyrkja og sjå ho med konservatoren sitt nær-blikk. Tone peikar på taket over koret og seier at ho trur dei to målerane har delt taket mellom seg, for det ber preg av å vere måla av to ulike menn. Likeins fortel ho at det som no i dekoren i koret er kvitt må ein gong ha vore blått, men den fargen har forsvunne. Dei finn svake spor av denne fargen der veggmålinga har vore dekt av ei tavle. Og ho undrar seg over kor mykje av den gamle stavkyrkja som er brukt i denne nye kyrkja. Ho trur det er mykje. Her er Fortidsminneforeninga sin grand old man i Rosekyrkja, Kristian Almås, samd. Han meiner sjølv at til dømes dei store berestolpane midt i kyrkja kan vere frå stavkyrkja.

Slik kan ein gå og undre seg og finne stadig nye spor i den gamle kyrkja.

1700-tallsmalerier i Rosekyrkja i Stordal
Konservatorane frå NIKU saman med Kristian Almås. Heilt øvst finn vi Susanne Kaun, i midten leiar Tone Olstad, nedst sit Merete Winness og i svart ved sidan av Kristian står Nina Kjølsen Jernæs.
1700-tallsmalerier i Rosekyrkja i Stordal1700-tallsmalerier i Rosekyrkja i Stordal
Publisert