Elin Rose Myrvoll ingressbilde.jpg

Utfordringa er å sjå kva landskapet har å by på

Korleis finn ein kulturminne? Og korleis registrerer ein dei? Og kva er eigentleg eit kulturminne?

Dét er gode spørsmål, med samansette svar. Men mange av dei har Elin Rose Myrvoll drøfta i den nye doktoravhandlinga si, som ho denne veka disputerer på:  
"I vårt bilde? Landskap og kulturminner, verdi og forvaltning."

- Kulturminne blir forma som kulturminne på ulikt vis. Desse formasjonsprosessane er sett saman av ulike faktorar. Ikkje berre av naturlege nedbrytingsprosessar, men også av korleis kulturminna blir registrerte og klassifiserte, i kva slags arkiv og datasystem, korleis dei blir tilskrive verdi og korleis lovverket og forvaltninga spelar saman med alt dette. 

- Så korleis me ser på kulturminne, og korleis me produserer kunnskap om dei er samansette prosessar seier Myrvoll.

Uvurderleg praksis i stiv kuling og regn

- Å oppdage og registrere eit kulturminne krev ofte mykje erfaring – det er ingen enkel jobb som kan lærast i ein førelesingssal eller ved berre å lesa bøker og artiklar.

- Mykje praksis i stiv kuling og regn, ler Myrvoll. 

- Jo fleire gammetufter du har sett, dess lettare er det å sjå ei ny.

- Du må leite etter spor og kva landskapet byr på – og kva det hadde å by på 5000 år sidan, 1000 år sidan, 500 år sidan. Å finne kulturminne er ikkje alltid like lett – når det til dømes kanskje berre er vegetasjonen som kan setja deg på sporet av det.

Men kva er eit kulturminne? 

Kva som er eit kulturminne er sjølvsagt eit definisjonsspørsmål. Definisjonar som me har skapt i fellesskap. I Noreg er til dømes alt menneskeskapt frå før reformasjonsåret 1537 automatisk freda, det same er samiske kultuminne som er eldre enn hundre år.

- Den norske kulturminnelova gjev eit vern som legg sterke føringar på landskapsbruken. Men det paradoksale er jo at hadde ho vore innført for 400 år sidan, er det mykje av det me i dag definerer som kulturminne som ikkje hadde vorte skapt, seier Myrvoll.

- Til dømes her nord, kor den vesle stripa som det er mogeleg å bu og leva på langs kysten – mellom fjell og fjord – nødvendigvis må bli fylt av lag på lag med kulturspor oppå kvarandre. Ein hadde ikkje kunne leggje vegen utanom, slik me ofte gjer i dag, når me finn kulturminne der nye vegar skal byggjast. 

- Og denne utfordringa blir ikkje mindre 100 år fram i tid. Mengda av kulturminne vil auke på, korleis kal me forvalte dette? Me veit ikkje i dag kva dei om 100 år vil oppfatte som interessant og som verneverdige kulturminne, seier Myrvoll.

- Dessutan vil me i langt større grad møte dei motstridande interessene som blir synlege når me er vitne til dei forfallsprosessane som har skapt mange kulturminne - til dømes at ei bygning forfell og endrar seg frå bygning til tuft. Mange opplever forfallsprosessen som stygg og meiningslaus og vil difor seia ”riv skjiten!”

- Og det er noko me må ta stilling til; skal noko få stå og forfalle, kva skal me ta vare på og korleis? Det finst ikkje enkle svar på slikt, seier Myrvoll.

Synet på lokal kunnskap har endra seg

I ein av artiklane i avhandlinga til Myrvoll har ho diskutert kulturminneregistratorane sitt møte med lokal kunnskap.

- Det er skjedd ei stor haldningsendring dei siste 30 åra, fortel Myrvoll.

- No ser dei som er ute i felten på lokal kunnskap som ein svært viktig ressurs i registreringsarbeidet. Mange, særleg innan tradisjonelle næringar, veit mykje om bruken av landskapet gjennom tidene. Ein må likevel ta omsyn til at bruken av landskapa i dag er ein annan enn for hundrevis eller tusenvis av år sidan.

- Likeeins skal ein også hugse på at kulturminne alltid har sett i gang historier – historier med ulikt opphav og innhald. Og slike historier kan difor ofte vera like mykje historier som viser gløymsle, som historier om det som faktisk har skjedd. Dette er noko av det som gjer arbeid med kulturminne så interessant, avsluttar Myrvoll.

Du kan også sjå delar av avhandlinga i Munin.

Av Sigrun Høgetveit Berg, Universitetet i Tromsø

 

Publisert