Kristin Bakken

  • Administrerende direktør

Telefonnummer: 98228708

E-post: kristin.bakken@niku.no

    Avdeling:
  • Stab

Kristin Bakken er administrerende direktør for NIKU sidan september 2017. Ho kom då frå stillinga som direktør for Avdeling for kunnskapsutvikling hos Riksantikvaren.

Kristin er språkhistorikar av utdanning, med hovudfag, doktorgrad og post doc-periode frå Universitetet i Oslo. Ho var direktør for prosjektet Norsk Ordbok 2014 ved Universitett i Oslo i seks år før ho gjekk over til Nasjonalbiblioteket og stilling som forskingsdirektør der i 2008. Etter fire år i denne stillinga har ho fem års erfaring frå kulturminneforvaltninga gjennom stillinga hos Riksantikvaren.

Etter 15 år med leiarjobbar for kulturarvverksemder, er det dette sporet Kristin har vald å leggje innsatsen sin i. Men forskarerfaringa, med dei faglege tyngdepunkta stadnamn, mellomalderfilologi, leksikologi og språkendring, er uttrykk for ei genuin interesse og forståing for forsking – då særleg den som er historisk innretta. Å ha kulturminne som fagleg ansvar hos Riksantikvaren, passa godt saman med fagbakgrunnen hennar, og det gav seg bl.a. utslag i at ho redigerte den vitskaplege utgåva Bevaring av stavkirkene. Håndverk og forsking, som kom ut på Pax forlag i 2016.

Kristin har brei styreerfaring, ho har vore medlem i Unescokommisjonen, Den norske komiteen for verdas dokumentarv, styret for Musikkarvprosjektet, Bygg og bevar, prosjektet Beacon for freedom of expression, Collegium medievale, foreining for middelalderforskere og Institutt for kulturhistorie og orientalske språk ved Universitetet i Oslo. Ho har òg arbeidd med stadnamnnormering, som sekretær for stadnamntenesta, som namnekonsulent og no som medlem av Klagenemnda for stadnamnsaker. Ho har vore knytt til prosjektet Henrik Ibsens skrifter som fagkommentator.