Evaluering av bygningsvernskonsulentordningen, Hordaland
Bygningsvern konsulentordninga i Hordaland har utvikla seg frå 1990-talet og frametter med hovudformål å styrkje bygningsvernet i fylket ved å vidareutvikle musea som lokale kompetansemiljø.
Ordninga er eit lågterskeltilbod for huseigarar og fungerer svært godt som det. Bygningsvernkonsulentane spelar ei viktig rolle i eit komplekst kulturminnefagleg landskap. Dei arbeider opp mot mange ulike målgrupper og leverer tenester det er stor etterspurnad etter.
NIKU har gjort ei evaluering av bygningsvernkonsulentordninga i Hordaland på grunnlag av skriftleg kjeldemateriale, intervju med bygningsvernkonsulentane og ei spørjeundersøking til huseigarar, handverkarar, musea og kommunane i fylket.
Prosjektleder: Siv Leden
- Status Ferdigstilt
- Oppdragsgiver Hordaland fylkeskommune
- Tidsperiode 2017-2018