
Kulturmiljøplan for Vinje kommune
Kulturmiljøplan basert på Riksantikvaren sin mal.
Føremålet med planen er å bidra til ei føreseieleg forvalting av viktige kulturmiljø i Vinje kommune, og styrke rolla kulturminne og -miljø har som ressursar i tettstadsutvikling.
Han skal òg vere eit reiskap i planarbeidet til kommunen og leggje føringar for korleis kommunen handsamar utbyggingsprosessar der viktige kulturmiljø inngår.
Planen gjer greie for utfordringar og moglegheiter i kulturmiljøarbeidet. Hovuddelen er ein tematisk presentasjon av ulike sider ved historia til Vinje og ulike kulturminnetypar, og ei beskriving av prioriterte kulturmiljø. Planen inneheld òg framlegg til handlingsdel med tiltak.
Prosjetleiar: Siv Leden.
- Status Ferdigstilt
- Oppdragsgiver Vinje kommune
- Tidsperiode April 2024 – januar 2025


